Brit Bildøen og Agnes Ravatn i intervju med Hege Duckert på Litteraturhuset i Oslo, den 8. mars 2009. Bildøen er aktuell med "Litterær salong", om ti forfattarar som betyr mykje for henne. Dei inviterte har fått tildelt kvar sin litterære dyd som tener som inngang til dei ulike forfattarskapane. Dydane spenner frå Overmot til Råskap, frå Distraksjon til Skamløyse. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek. Forfattar, journalist og fanzinemakar Agnes Ravatn samlar no essaya frå Dag og Tid-serien "Stillstand" i bokform. I denne serien oppsøkjer Ravatn situasjonar der ingenting skjer. På slentrande vis, iblanda mild sosial angst tek ho oss med til stader i det norske samfunnet som vanlegvis ikkje blir kommenterte, som tingretten, klosteret og talarstolen på 17. mai.
Brit Bildøen og Agnes Ravatn på Litteraturhuset 8. mars - YouTube | |
0 Likes | 0 Dislikes |
2,274 views views | 82 followers |
Entertainment | Upload TimePublished on 2 Apr 2009 |
Không có nhận xét nào:
Đăng nhận xét