Herborg Kråkevik presenterer det nye juleheftet "Juleroser" på Litteraturhuset under advents- og lanseringsfesten den 1. desember 2015. Herborg Kråkevik er redaktør for det vakre juleheftet Juleroser med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og biletkunstnarane i vår tid, mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjort, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl. Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks opp med dette heftet. Ho fortel: «Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.»
Herborg Kråkevik presenterer Juleroser (del 1) - YouTube | |
2 Likes | 2 Dislikes |
1,053 views views | 82 followers |
Entertainment | Upload TimePublished on 4 Feb 2016 |
Không có nhận xét nào:
Đăng nhận xét