Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca, ein av Europas største byggjeplassar, for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men han har med seg rastløysa og problema heimanfrå, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein. Dette er ein roman om eit samfunn i økonomisk vekst og moralsk forfall. Det handlar også om einsemd, sorg og begjær og den kollektive lengten etter å finne seg ein plass i sola. Underhaldande roman med sterkt driv. Marit Eikemo debuterte i 2006 med den kritikarroste romanen Mellom oss sagt. Nok ein gong har Eikemo skrive ein underhaldande og samtidskritisk roman med sterkt driv, fine dialogar og ugløymelege scener. Dette er eit opptak gjort på haustlanseringa til Det Norske Samlaget, 19. august 2009. http://www.samlaget.no/item.cfm?path=...
Marit Eikemo les frå romanen " Arbeid pågår" - YouTube | |
4 Likes | 4 Dislikes |
612 views views | 82 followers |
Entertainment | Upload TimePublished on 7 Sep 2009 |
Không có nhận xét nào:
Đăng nhận xét